Solveig & Andrea

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Mai 2013

Foto frå Kondis

Solveig Beate Brunstad (1996) og Andrea Berge Kastellet (1998) er namna. Vi må ha lov å kalle dei heller ferske som idrettsutøvar, sjølv om tidene 18.41 og 18.57 ikkje avslører dei i så måte.

   

Desse to jentene hadde ein gong ein draum. Ein draum om å treffe idola Marit Bjørgen og Therese Johaug. Difor melde dei to seg på Sommarskiskule på Aure på Nordmøre, som skulle avviklast 23.-26.juni sommaren 2012. For og vere sikra plass var dei tidleg ute med påmeldinga – alt i januar.

   

Plass fekk dei. Dei var mellom 110 jente og gutar som kosa seg med trening og sosiale aktivitetar på Nordmøre. Men idola…, dei dukka diverre ikkje opp den sommaren.

   

Etter det har jentene halde treninga ved like. Allsidig trening. Vinteren var snøfattig, så det vart mindre skigåing enn planlagt, men kanskje av det gode med tanke på løp. Men opphaldet gav treningsstimulans og meirsmak.

   

Med «våren» har Konradløpet kome dei siste tolv åra. Solveig debuterte i langløypa i 2012 og vart beste jente i Minikonrad det året. Andrea kom i år frå Stavanger, der ho trenar i storklubben Skjalg, for og gjere sin debut.

   

1.mai 2013 vart ein stor dag for duoen. Frå 20.19 i fjor, pressa Solveig seg ned på 18.41 i år. Fem sekund under Hilde Riksheim Tandstad sin gjeldande løyperekord. Andrea brukte imponerande 18.57 i sitt debutløp, og vart nest beste jente. Av heile feltet kom dei inn som høvesvis nummer 25 og 29.

   

Kikar ein i Konradløpstatistikken gjennom alle tider for kvinner, finn ein Solveig Beate på øverste trinn. Nykonfirmanten Andrea er femte best. Prima prestasjonar, jenter!!


Er det rart Velledalen IL er stolt av dei to jentebloggarane sine…?