Minikonrad:Får sykkylvingane revansje?

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Apr 2013

I fjor stakk
strandarane av med skulepremien i Minikonrad då Ringstad skule hadde beste
tremannslag.

Elevane som
kjempar om skulepremien er frå 5.-7. klasse. Det er dei tre beste tidene til
kvar skule frå desse trinna som vert plukka ut og lagt saman. Men både gutar og
jenter må vere representert. Det kan vere to gutar og éi jente, eller to jenter
og éin gut.


 Ein slepp
melde på lag. Elevane melder seg på enkeltvis, og det er arrangøren som plukkar
ut dei tre beste frå kvar skule ut frå den tidtakinga som vert gjort. I 2012
gjekk premien til Ringstad skule på Stranda, med Ullavika skule som ein god
nummer to.


 I tillegg til
premie til beste skule, vert raskaste gut og raskaste jente rundt den 1050
meter lange løypa premiert. Deltakarpremie vert det til absolutt alle
startande, uansett tempo.


 Minikonrad er
for årsklassene 0-16 år og har påmelding løpsdagen, helst i god tid før
startskotet smell.


 Atle Hole