P r e s s e m e l d i n g

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Apr 2013

Henrik Johan Holmberg (Vik IL) sette ny
personleg rekord på 7,30 meter under friidrettsstemnet Bryan Clay Invitational
i Los Angeles, California i natt. Resultatet er i landstoppen og berre 3 menn
hoppa lengre utandørs i heile fjorårssesongen i Noreg. Han hadde frå før hoppa
6,80 meter.

Konkurransen byrja med eit hopp på 7,13m,
så fylgde han opp med 7,05m, så eit daudt hopp og til slutt klinka han til med
eit hopp på 7,30m. Med det resultatet var han berre 1cm frå å vinne
lengdekonkurransen der 40 utøvarar konkurrerte. Holmberg er med dette
kvalifisert til Nationals (USA) i lengde. Målet for denne sesongen var å bryte
7-metersgrensa, noko han har gjort med god margin. Mest truleg ligg han no og
på klubbstatistikken til Vik Idrettslag.

Bryan Clay er USA sin gullvinnar i
mangekamp frå OL i Beijing. I ein samtale mellom Clay og Holmberg etter
konkurransen spurte Clay nordmannen kor langt han hoppa og då Henrik svara
7,30m svara Clay at det var ikkje gale. ”Nei, ikkje med tanke på at eg er
mangekjempar” og då braut Clay ut: ”Really? Then that`s REALLY GOOD!” Det er
god inspirasjon for vikjen/vikingen som konkurrerer for Augustana Vikings og
Vik Idrettslag.

Henrik har no fullført innandørssesongen
der han var mellom dei 8 som vart kåra til All-American i innandørs 7-kamp i
USA og har no so vidt byrja på utandørssesongen som han innleia med å persa seg
på 400 meter, der han sprang på 49,76 under eit stemne i Sioux Falls
(Sør-Dakota). Sist helg var det Kansas
(med temperaturar so vidt over 0 grader) og fyrstkomande helg er det mangekamp
i Iowa.

Sjå bilete og meir informasjon på bloggen:
henrikholmberg.blogg.no