Pensjonert gutehoppar 60 år
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Apr 2013
Hoppsporten er det lenge sidan Kallen vart pensjonert frå. Den døydde ut av seg sjølv, er det vel rettast og seie. Elles var den noverande talknusaren frå Brøvoll i unge år kjend som ein habil kar på stortromme, ein dyktig fiskar etter blankfisk og ein høveleg bra hesjar - med høygaffel.
Fiske var han nesten forplikta å drive, busett i Brøvoll Tjuvfiskarlag sitt nedslagsfelt som han var. Men det var på øvre Brøvoll dei kvassaste tjuvfiskarane budde. Mange heldt Kallen for og vere rein, eit rykte han fekk mellom anna fordi han inn i mellom drog blankfisk på lovleg vis, eksempelvis i Tregardane.
På sine eldre dagar har Kalle skifta ut somme av ungdomshobbyane. Han hesjar ikkje lenger med gaffel, men er i staden mellom dei fremste i fylket på flattørking av høy. Øvingstimar på stortromma er skifta ut med hytteliv på Myrdalen, hoppsporten med sykkelsport. Blankfisken har som hoppsporten pensjonert seg frå øvre Velledalen, slik at no må blankfisken kjøpast og er allereie erstatta av hjortekjøt og jakt, om vi dreier temaet inn på sjølvberging.
Men noko held stand i Kallen sitt liv. Sauer og sauesanking held revisoren og småbrukaren høgt. Han har siste tiåra eksprimentert litt med sjølvsankande sauer, men lærdomen på dette feltet er ikkje lett å hauste. Ingen veit kvar haren hoppar og ingen veit kvar sauen stoppar – nokon kvar har opplevd akkurat det same.
Kallen er ikkje framand for å gå nye vegar. Med det som bakgrunn har gode eks-kollegar i Brøvoll Tjuvfiskarlag meldt han på i årets Konradløp - som 60-års presang.
Løpet, frukosten og filmen blir som «A piece of cake», for Kallen. Konrad var trass alt 75 år før han tok laust, så det vert i tidlegaste laget for Kallen og byrje opprusinga av «motoren» alt no. Gåvegjevarane har sendt fylgjande påminning med gåva:
-
Uansett kor lommekjend du er Kallen, hugs at i Konradløpet skal all elvekryssing skje over bruer!
GRATULERER MED DAGEN, KALLEN !!
Atle Jomar Hole
Pensjonert langrennsløpar, tjuvfiskar og sauebonde.