Konradløpet: Trygt med ein lege på startstreken
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Apr 2013
Geir Råheim t.h og Martin Hauge-Nilsen (midten) er begge påmeldt. Ellers ser vi speke damar Ingunn Hunnes og Eldrid Myhre.
Alle moglege yrkesgrupper deltek i Konradløpet, og det likar arrangøren. I Konradfilmen er mellom anna legekontoret omtala, utan at det har freista sykkylvslegane til å stille i særleg stor grad.
Men legar spring likevel Konradløpet. Geir Arve Råheim frå Ålesund er eit lysande eksempel. Fastlegen er fødd i 1957 og debuterte i Konradløpet i 2011 (tid: 18.47). Han kom tilbake i 2012, då med sluttida 18.20. Han høyrer med andre ord til mellom dei som vert sprekare med stigande alder.
Legen «vår» kjem att også i 2013. Då kan han reise heim med Konradmedaljen i sølv etter 3. gongs deltaking – uansett tid.
Til denne tid har vi gått klar helsemessige uhell i Konradløpet. Men ein veit aldri, og før eller seinare vil noko skje. Trass alt har kring 4 000 vore på startstrek når løp nummer tolv er avvikla 1.mai i år. Trygt å vite at på denne streken finst i det minste éin kyndig – Geir Arve Råheim, fastlege frå Ålesund.
Velkomen og lukke til i ditt tredje løp!