Konradløpet: Kondis-Martin påmeld

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Apr 2013

Martin
Hauge-Nilsen, som representerer bladet Kondis, er busett på Haddal i Ulstein
kommune. Årets løp vert hans fjerde opptreden i Velledalen med start i gryotta.
Dei to siste åra har han levert tider under 16 minutt. I debutåret var han
lettare indisponert, nyleg tilbake etter blindtarmoperasjon.

Martin
Hauge-Nilsen leverte 15.39 i 2012, ei tid som held til 11. plass på adelskalendaren
gjennom alle tider. Berre vår eigen superveteran, Nils Terje Skylstad (55) har
betre tid mellom dei førebels påmelde (15.29 som er 6.beste tid gjennom
historia).

Kondis-Martin
er ein skikkeleg hardhaus. I 2012 fullførte han Nibbedobbelen i Geiranger utan
problem. Der syklar ein fyrst til toppen av Dalsnibba, så syklar ein ned igjen
til fjorden, før ein (etter kort pause) spring til fots til toppen (1500 meter
over havet). Det må ha gitt meirsmak, for Martin er påmeldt same «galskapen» i
2013. Det same er for øvrig Eldar Kurseth, noko vi skal kome tilbake til.