Kva skjer 31. august 2013..?

Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Mar 2013

I går skreiv vi at 31. august 2013 kunne bli ein historisk dag i Velledalen IL si 107 årige soge. Men kva er det som skjer denne dagen, utfordra vi lesarane..?

   

Den einaste som leverte svar var vår eminente nordmøring, Alf Petter Bøe. Han skreiv:

   -
   
 Hei, kanskje då Kjell Magnar tek trippelen?


Ja, Alf Petter, du har så rett så rett. Det er denne datoen vi faktisk ventar at Kjell Magnar kjem til å bli den fyrste frå Velledalen IL som vert SUPER BIRKEBEINER, det vil seie som greier merkekrava i rennet, løpet og rittet i same kalenderår.

   

Vi kontakta Kjell Magnar i dag, og han la ikkje skjul på at hadde dette som sitt klare mål.

   -
   
 Faktisk rekna eg sjansane for å greie merkekravet på ski som minst. Birkebeinerløpet burde eg greie utan spesialtrening. Syklinga vert tøffare, men utan uhell og med god trening framover reknar eg sjansane som absolutt bra, seier Kjell Magnar til VIL-Nett dagen etter han vart BM-vinnar i langrenn i seniuorklassa.

   

Her er fakta:


16.mars: Kjell Magnar greidde Birkebeinermerket på ski på andre forsøk.

  8.juni: Kjell Magnar stiller i Birkebeinerløpet for andre gong. Greidde merket i debuten.


31. august: Kjell Magnar stiller som debutant i Birkebeinerrittet, og vert historisk….?

   

Og Alf Petter..? Han har vist seg som ein av dei mest oppegåande i Velledalen på sportsfronten, og hankar inn ei velfortent t-skjorte i premie.