-Må vel hjelpe dokke i år me….?

Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Mar 2013

arkivfoto

Ja, takk Bjarne Hole, du skal meir enn gjerne få hjelpe oss denne gongen også. No til dags er det heller sjeldan at folk melder seg frivilleg, men det har altså Bjarne Hole gjort. Og som parkeringsvakt har han ei viktig oppgåve: Få flest mogleg til å parkere på marka ved startområdet slik at det ikkje hopar seg opp med bilar på Hjorthol-sida, noko det har hatt ein tendens til å gjere.

   

Men Bjarne Hole vert ikkje berre parkeringsvakt under løpet i 2013. Nei, mannen frå idrettsfamilien i Øyane har ein annan god grunn til deltaking. Han er nemleg jubilant! 1. mai 2013 kan Bjarne Hole ta med seg tiårspremien heim etter frukosten i Velledalen grendahus. Det i seg sjølv ein god grunn til å delta.