Målet er merkekravet !

Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Mar 2013

Presis klokka 09.00 startar Kjell Magnar Berli frå Rena laurdag 16. mars. Skal han greie merkekravet må han vere på Lillehammer i god tid før klokka 13.00. Truleg må han ned på ei sluttid på om lag tre timar og 40 minutt – kanskje endå raskare.

   

I fjor var Kjell Magnar debutant. Berre nokre månader etter ein omfattande operasjon med uvisst utfall. Den gongen var målet fem timar. Det gjekk svært så bra - lenge. Trass ein «sprekk» mot slutten kom han inn på 4.29.12. Passeringstidene hans på dei ulike meldestasjonane var som fylgjer:


50.30 på Skramstad


2.18.51 på Kvarstad


3.29.27 på Sjusjøen


4. 29.12 i mål.

   

Sidan debuten har han trena godt. Eit utal timar på rulleski har betalt seg.

   -
   
 Eg merkar stor skilnad. Særleg på staking har eg blitt mykje sterkare, seier Kjell Magnar, som har vore flittig observert på rulleski siste året.

   -
   
 Har du nokon som hjelper deg med skipreparering?

   -
   
 Nei, det gjer eg sjølv. Eg gjekk Halvbirken sist helg med sjølvpreparerte ski og hadde like god glid som konkurrentane.

   

Vi seier berre: Hald deg oppdatert på VIL-Nett laurdag. Greier Kjell Magnar målet sitt vil det vere ein sensasjon – ein særdeles gledeleg sensasjon!

   

VIL-Nett tips: Sluttid Kjell Magnar 3. 39.57 – sluttid Karstein Jensen: 5.36.19

   

  Vil nokon tippe sluttida på Kjell Magnar, Karstein Jensen eller nokon andre av VIL sine løparar, send tipset ditt til:
   atlehole@online.no
  – 917 43 761