Heidersmann fyller 70
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Mar 2013
Vi har tidlegare lese på VIL-Nett at kryssing av mannfolk frå Sykkylven og kvinnfolk frå «Honndalen» har gitt ein god sportsleg miks. «Pe-Hans» visste kva han gjorde, og Bård Per Erstad kan stå som eit lysande døme i så måte.
Tenk deg tilbake til året 1963.
Dei færraste hadde fjernsyn. Internasjonal fotball var heilt fråverande. Kampar med det norske landslaget lytta folk til på radio. Ja, vi fekk kjensla av at «Kniksen» var god, men vi såg han ikkje. Internasjonalt var Brasil sin Pele den mest magiske, men kva han utretta…ja, det fekk vi stort sett inn gjennom øyrene. Men Bård Erstad, Einar Fet, Svein Lien og Per Svarstad var inga dårleg erstatning. Dei såg vi i alle fall. Med blod på knea, grønske på drakta og eit smil om munnen – menga dei seg med publikum og tusla ned frå Slettegjerde etter kampslutt.
Oftast vann dei.
VRF hadde vunne seg eit godt ry som fotballag. Særleg på heimebane selde dei gulsvarte seg dyrt, støtta av eit entusiastisk publikum. Beste perioden i VRF-soga var nok åra 1970-1972. Då var også
Bård på topp. I sin beste alder då mellom anna Ole Gunnar Solskjær sin grasrotklubb, Clausenengen, vart nedsabla 6-1 på Dalemyra. I ein elektrisk kamp i regnvêr på såpeglatt bane, der dei to leikne kantspelarane, Svein Welle og Kjell Hellevik, blomstra samstundes.
I alt vart det om lag 700 kampar på Bård i VRF-drakta. Kring halvparten obligatoriske (serie- og cupkampar). I tillegg fekk han med seg mange krinslagskampar og han vart ved fleire høve nominert som ein av spelarane når Sunnmørsposten kåra «Årets Lag», basert på antal noteringar på «Ukens-11».
Lova trappe ned.
Frå tid til anna kunne Bård finne på å gle kona si, Grete, litt ekstra. Som då han midt i 30-åra lova han skulle legge fotballskorne på hylla. Den lovnaden rauk – i rettferda sitt namn etter sterkt press frå klubben – fleire gonger. Bård vart over 40 år før han vart kurert.
Andre freistingar.
Bård var idrettstalent og det var så mykje som lokka. I tidleg ungdom hadde han vist talent i langrennsporet. Om lag samstundes med den fyrste lovnaden om nedtrapping av fotballen, vart han meir og meir sugen på langrenn. Og brått var han ein av Sunnmøre Skikrins sine beste veteranløparar. Vi er då tidleg på 1980-talet, og det må nemnast at Bård var fyrste utøvarane frå Velledalen IL som gjekk «Birken». Sjølvsagt på ei tid langt under det mykje omsnakka merkekravet.
Hesteskokasting og stafett.
Bergteken, er det noko som heiter i eventyra. Kanskje var Bård det i denne perioden. Han kasta seg stadig på nye idrettar, mellom anna hesteskokasting. Der tok han ein sensasjonell siger i ei av fyrste utgåvene av Øye-cupen (i Norangsdalen). I parkasting i spann med ingen ringare enn Egil Skåre.
Vidare var Bård fast inventar på Velledalen IL sitt stafettlag, anten i senior- eller veteranklassa. Og slik hadde det seg at Bård hamna på Bondeheimen i Oslo.
Meiningslaust god matlyst.
Det var neppe sunt slik vi dreiv på. Eit år spela vi seriekamp mot Valder ute på Vigra ein fredagskveld. Etter kampslutt var Bård mellom dei som sette seg i ein bil og køyrde direkte til Oslo for å delta i Holmenkollstafetten. Vi kom fram om lag timen før frukostserveringa opna på Bondeheimen i Rosenkransgate denne laurdagen. Hadde betjeninga visst kva dei hadde i vente hadde dei truleg aldri opna. Skrubbsvoltne stafettløparar frå Sykkylven ovåt. Vi kjenner ikkje tapstala til Bondeheimen denne laurdagen, men dei var garantert betydelege – og Bård åt mest av alle.
Trimpostar og løypesjef.
Bård har vore ein seig hardhaus i alle åra. Det vart ofte seine kveldar og nattarbeid i den perioden han sat som løypesjef for Fjellsæterrunden. Dette var då løype gjekk ned i Fasteindalen og langt opp i Røvsdalen. Trakkemaskina køyrde seg fast eller slangar rauk. Det høyrde mest unntaka til at alt gjekk knirkefritt. Og etter ei natt med lite søvn gjekk han rennet.
I 2005 og 2006 var Bård mannen som kapra mest poeng på trimgruppa sine postar. Ein prestasjon som ikkje gjer seg sjølv. Noko alle som har prøvt seg i bransjen veit.
Dalsnibba og sykkel.
På sine eldre dagar fann Bård det rett å prøve enno ei ny grein. Denne gongen som syklist. Han deltok både i lokale ritt som Sykkylvsrittet, Fetvatnet Rundt og Ekornesrittet, men òg det meir krevjande Nibberittet. Som 65-åring sykla han frå sjøkanten i Geiranger til toppen av Dalsnibba på 108 (1time og 48 minutt) minutt. Berre få månader seinare sette tette blodårar og anna sjukdom ein stoppar for det meste.
Vi presiserer at det som her er skrive ikkje er Bård sitt komplette sportslege rulleblad. Han har fleire år som trenar og lagleiar (oppmann) for ulike lag, og det vert hevda at han var ein slepen skeiselaupar.
På vegne av Velledalen IL,
og mange andre, gratulerer vi heidersmannen Bård i dag med 70 års dagen ! Tusen takk til Grete og alle andre i familien for langvarig lån!
Minna er mange og uendeleg gode.
Atle Hole