Konradrapport 7. mars – godt sig av påmelde

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Mar 2013

Vi har før meldt at Hans Olof Holmberg var raskast på labben med påmelding for 2013. Hans Olof reknar vi som mosjonist. I alle fall førebels.

   

I andre enden av skalaen – i kategorien sprekingar – var Per Inge Bjørnestad raskast. Han har passert 40 år, men er av dei som vert betre til eldre han blir. Tidene tre siste åra talar for seg sjølv:


2010: 16.05


2011: 16.00


2012: 15.57

   

Under 16 minutt i ein alder av over 40 er sprekt – då held han Nils Skylstad-nivå, for å bruke ein lokal, velkjend målestokk.

   

Vi ser at mannfolka har gått hardast ut. I skrivande stund er stoda 9-7 i mannfolka sin favør. Men dette kan endre seg raskt. Og hugs; påmelding innan 10.mars gir deltaking når vi trekkjer lilla hettegenser med Konradløpet sin logo, mellom dei påmelde fram til då.

   

Komande helg blir det godvêr, så pøs gjerne på med litt trening, med atterhald om at blodverdiane er innanfor dei rette strekane.