Lokal sensasjon i Birken
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Mar 2013
Det nærmar seg, årets birkebeinerrenn. Datoen er laurdag 16. mars. Då smell startskota frå tidleg morgon på Rena, med målgang nokre timar seinare på Lillehammer. «Nokre timar» var kanskje ikkje heilt rett. Mange brukar heile dagen, og det er dei vel unt.
Frå Velledalen IL er fylgjande personar påmelde:
M 25: Kjell Magnar Berli og Andreas Tømmervik
M 40: Eldar Kurseth
M 45: Svein Arne Nakken
M 50: Karstein Magne Jensen
M 55: Rolf Haxthow
Vi veit at Rolf ikkje stiller på grunn av skade. Svein Nakken går for sitt merke nummer 15, medan Karstein Magne Jensen er den desidert største sensasjonen. VIL-Nett kjem tilbake med meir stoff om rennet seinare – mellom anna omfattande dekning renndagen. Vi ynskjer alle våre hell og lukke med dei siste førebuingane.
Vi nemner at Berth Wilhelmsen, Jan Egil Årnes og Fridtjof Fredriksen er påmelde frå Sykkylven IL, pluss nokre slengjarar frå bedrifter og andre lag, slik at det truleg vert kring 15 sykkylvingar i årets renn. Veit nokon om andre så tips oss gjerne: atlehole@online.no