Sprekaste namnet er Paul
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Feb 2013
For to år sidan lova VIL ut ein tusenlapp til dei tre fyrste som tok gutenamnet Konrad i Sykkylven. Då perioden frå 1.mai 2011 til 1.mai 2012 var over, hadde vi ikkje blitt kvitt ei einaste krone.
Dermed bestemte VIL-styret at heile summen (3000 kroner) skulle gå til fyrstemann i Sykkylven som tok namnet Konrad i perioden 1.mai 2012 til 1.mai 2013. No er det litt over 60 dagar att av perioden, og framleis ingen Konrad.
På neste styremøte må VIL diskutere om området skal endrast frå Sykkylven til Sunnmøre for perioden 1. mai 2013 til 1.mai 2014. Og om dei framleis ynskjer bruke pengane til fremje av namnet KONRAD, vel å merke
Om nokon skulle vere i tvil. Vil du gi guten din eit «sprekt» namn, så sats på Paul. Konradløpet plar kvar år ha fem-seks personar over 80 år på deltakarlista, dei fleste menn. To av dei heiter Paul. Paul Hole deltek trufast på det meste her i dalen, og har full pott hittil vedkomande deltaking. Paul Klock har vore med fem gonger viser statistikken. Slett ikkje verst av ein mann som vart 85 år 20. februar.
Gratulerer med overstått, Paul Klock!
Truleg er ingen i tvil lenger – sprekaste og seigaste gutenamnet i Sykkylven er Paul!