Årsmelding frå (hopp-) og langrennsgruppa

Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Feb 2013

sesongen 2011 - 2012
   
 Langrennsgruppa har hatt denne samansetninga:
   

Svein Arne Nakken (leiar), Bård Erstad, Pål Rune Fet, Magne Nilsen, Asbjørn Tandstad og

 Ole Johnny Myrseth.
  Atle Hole har også vore med som støttespelar der det har vore aktuelt.
   

   

Langrennsgruppa er i år, som i fjor, godt nøgd med aktiviteten til seniorløparane som har representert Velledalen IL i sesongen 2011-2012. Vi har ein del seniorar som deltek aktivt, men mellom dei aldersbestemte er aktiviteten dessverre på eit definitivt lavmål.

   

Langrennsgruppa har hatt fem gruppemøte i løpet av arbeidsåret. Tema på desse møta har vore konstituering av gruppa, planleggjing i forkant av arrangement og evaluering i etterkant. I tillegg har det vore ein del telefonering når det har vore behov for det. Velledalen IL har i 2012 vore med å arrangere Fjellsæterrunden saman med dei andre idrettslaga i kommunen. Åleine hadde vi planar om å arrangere Det Store Folkerennet, men grunna dårlege verforhold dei aktuelle helgane vi hadde blinka ut, måtte vi avlyse arrangementet.

   
 Ramstaddalsløpet:
   

Langrennsgruppa, i nært samarbeid med leiar Atle Hole, tok også på seg å planleggje og gjennomføre Ramstaddalsløpet. Dette løpet er ein medlemsstafett for medlemmer og sympatisørar i Velledalen IL. Løpet vart gjennomført laurdag 29. september med start frå Joker-Velledalen kl. 09.30. Løpet samla 42 løparar fordelt på 46 etappar. Traséen gjekk frå butikken, via Fjellsæterområdet til Fausaskiftet. Vidare Fasteindalen og Ramstaddalen til Aure. Over Sykkylvsbrua til Straumgjerde, Straumsheim, Fet og gamlevegen framatt til butikken.
   

Løpet vart gjennomført på 4.01.49 timar (mot 3.43.45 timar i 2011). Yngste deltakar var Sevrin Skotheim Horthol på tre år. Olaf Øien var den eldste.
   Anita og Svein Nakken var fylgjebil og heldt kontroll på etappetidene og fotografering av deltakarane. I tillegg deltok dei også sjølve i stafetten.

 Etter målkomst møttest deltakarane til marsipankakefest i lokala til Velledalen Naturbarnehage.
  På kaka stod det mellom anna ''88.888'' som skulle symbolisere at nettsida til Velledalen IL har passert 88.888 ''treff''
   
  Litt meir om arrangementa som laget
     har vore med å arrangere i løpet av året:
    

  Den 35. utgåva av
   Fjellsæterrunden
  gjekk av stabelen sundag 26. februar med desse harde fakta: Barnas Fjellsæterrunde 124 deltakarar, Trimregistrerte 53 stk., Konkurranseklassene (15 år og eldre) 59 fullførande, herav seks kvinner (i 2011 var deltakartalet 41). Dette utgjer totalt 236 deltakarar fordelt på 22 klubbar og fire bedriftsløparar frå fire ulike verksemder. Frå Velledalen IL stilte trioen Stian Mork, Ole Johnny Myrseth og Svein Arne Nakken. Alf Petter Bøe deltok i bedriftsklassa for Ekornes BIL. Emblem IL stakk av med premien for beste tremannslag.
   

   

Velledalen IL hadde som vanleg ansvaret med løypene og å stille med habile løypevakter. I år som dei føregåande åra samla vi alle løypevaktene på torsdagen før løpet for at dei skulle få utveksle viktige erfaringar og legge planar i forkant av rennet.


Som vanleg var det Pål Rune Fet (løypesjef) og Svein Arne Nakken (ansvarleg for sporlegginga) som tok seg av løypene. Magne Nilsen og Pål Rune hadde samtidig ansvaret for tilretteleggjing og merking av stadionområdet. Vidare har Lars Inge Sæther vore tungt inne når det gjeld nettregistrering og brikketidtaking som var nytt av året.

   

Fjellsæterrunden gjekk av stabelen under flotte forhold, og rennvinnar vart som ofte før,


Knut Anders Hatlen frå Stranda IL med tida 1.16.15 timar. Rennet gjekk i år som i fjor i originaltraséen rundt Nysætervatnet.


Langrennsgruppa vil med dette få takke maskinførarane ved Skisenteret for god hjelp med å preparere traséen, og elles for svært gode løyper i Fjellsæterområdet gjennom heile vinteren.

   
 Nytt frå lysløypekomiteen for lysløypa på Fjellsætra:
   

Lysløypa, som det har blitt arbeidd med i mange år, vart ferdig-planert hausten 2012. Dessverre viste det seg at løypa nokre stader låg utanfor disponibelt område. Lysløypekomitéen med Steinar Myrseth i spissen arbeider no med å få i stand ein avtale med grunneigarane på Dravlaus slik at arbeidet med lyløypa kan halde fram når snøen er borte. Der traséen ligg feil, må løypa leggjast om og til disponibelt område. Planen er å få på plass lysa til skisesongen 2013-2014. Sykkylven Skisenter med Tore Utgård i spissen står stå som formelle utbyggjarar av anlegget. Dei har også gitt ein bankgaranti for nødvendige summar slik at anleggsarbeidet kan gå sin gang. Vidare har mange verksemder gitt pengestøtte til den nye løypa.


Utover våren og sommaren vil det truleg bli behov for ein del dugnadsarbeid, og vi håper at bygdefolket frå heile kommunen vil stille velvillig opp.


   
    
 Dei aktive skiløparane i Velledalen IL, sesongen 2011-2012:
   

  Stian Mork, Ole Johnny Myrseth, Eldar Kurseth, Kjell Magnar Berli, Svein Arne Nakken, Rolf Haxthow og Terje Aurdal, i tillegg Jan Ringseth (hopp). Desse løparane har representert laget i inn- og utland og profilert idrettslaget på ein god måte. (For resultat og anna info, gå inn på www.velledalen.net/idrettslaget
  og leit under arkiv.
   

   

   
    

Takk til alle som har stilt opp for laget og gruppa anten som deltakar, funksjonær eller anna i sesongen 2011-2012.

   

   

   

Straumgjerde 3. februar 2013

   

   

   

For Velledalen IL, langrennsgruppa


Svein Arne Nakken, gruppeleiar