Knut Nesbø er død
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Feb 2013
Den profilerte NRK-programleiaren Knut Nesbø er død, 51 år gamal. Han hadde ansvaret for mange av NRK sine viktigaste fotballsendingar, mellom anna «Bakrommet» på NRK 2. Knut Nesbø var elles kjend frå gruppa Di Derre, der han var gitarist. Og bror av vokalist og forfattar Jo Nesbø. I yngre år budde han i Molde, der han var ein talentfull fotballspelar. Han har bidrege på høgt nivå i nasjonal fotball for klubbane Molde, Lyn og Stabæk. I 1981 spela han på Molde FK sitt lag som gjesta Dalemyra i 1.runde i NM-cupen. Der var han ikkje snauare enn at han scora eitt av Molde sine to mål i kampen romsdalingane vann 2-0 over VRF.
Det var kreftsjukdom som senka Knut Nesbø i altfor ung alder.
Vi lyser fred over hans gode minne!