Sesongdebuten unnagjort for Svein Arne
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Feb 2013
Tettpakka snø, minus seks grader og litt trått, var føreforholda då Svein Arne Nakken sesongdebuterte i Steinfjellrunden ved Hammar laurdag 2. februar.
-
Det var ikkje full klaff. Eg miste ei ski, som resulterte i at eg måtte sleppe køa forbi, gå tilbake og hente skia. Eit merkbart tidstap, seier Svein Arne om rennet som samla kring 1000 deltakarar totalt.
Rennvinnar vart Thomas Gifstad på tida 2.06.59. Klassevinnar i 45-49 år vart Per Atle Nustad på 2.08.28. Her fekk Svein 2.33.54, som altså heldt til 27.plass av 118 deltakarar. Ein absolutt godkjend start på mannen som vann «Folket sin Idrettspris» i Velledalen IL i 2012.