Idrettsminne – Æresmedlem Kaspar Fet (1927-2013)

Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Jan 2013

Alt som niåring kom han inn i Fet Gutelag, eit lag som vart skipa 30.mai 1937. Eit lag for gutar, styrt av gutar. Fyrste styret såg slik ut:


Formann: Arne Fet


Nestformenn: Olav og Magnar Fet


Kasserar: Arne Fet


Skrivar: Jostein Fet


Tilsynsmenn: Erling, Kaspar og Sigurd Fet

   

Einaste som ikkje fekk styreplass ved skipinga var Helge (Fedt), men så var han også yngst, berre sju år gamal. Treningsdagar var laurdag og sundag, medan renn vart halde etter nærare avgjersle, står det å lese i møteboka deira. Dei hadde faste løyper med namn som «Åttetalet» og «Storerunden». Alt vart skrive ned – tidtaking var viktig anten det var springing eller ski på programmet. Her fekk med andre ord Kaspar brynt seg. Truleg brynt seg hardt, sidan han var mellom dei yngste, alt i tidleg barndom.

   

Så kom krigen, med pause i den organiserte idretten. Frigjeringsdagen i 1945 var Kaspar blitt ein ung mann på 17 og eit halvt år. No fekk han vere med på ei rik tid med idrettsoppblomstring over alt. Hopp og langrenn (og dermed kombinert) vart Kaspar sine greiner, og det vert sagt at han var sterkast i bakken. Konkurransen var ganske hard, sjølv lokalt. Velledalen hadde eit stort knippe idrettsspreke karar som var fødde i 1920-åra. Fleire av desse hadde storheitstida nettopp i desse fyrste etterkrigsåra.

   

Godt inn på 1950-talet traff Kaspar Ida frå Hornindal. Ein heldig «date» som enda i ekteskap og fire gilde born. Etter kvart vart Kaspar si rolle endra frå aktiv til passiv, før han gjekk over i det vi kan kalle støtteapparatet og brukte tida til å fylgje opp borna. Karsten «skeia ut» og vart alpinist, medan Pål Rune og Steinar vart meir allsidige. Begge mellom anna i langrenn, og kva var vel meir naturleg enn at Kaspar fann sin plass i langrennsgruppa. Der treivst han, og aller mest på skirenn.

   

Kaspar Fet var ein dyktig skismørjar. Men han hadde óg ei anna side.
   Han kunne på truskuldig vis bløffe konkurrentane når dei snoka rundt og lurte på kva som var «dagens smurning». Men den seriøse Kaspar, han kunne faget sitt!
   Difor var grove smørjebom sjeldan vare der i garden. At konkurrentar som blindt fylgde råda hans kunne oppleve problem, Ja, det skal ikkje stikkast under stolen.

   

Kaspar var ein lun person. Vi har tidlegare skildra Karl B. Lade si siste helsing til velledalsløparane når han gav dei klapset på ryggen og ynskte lukke til like før start:


«Her er det berre å gå det remmer og tøy kan halde», var hans ord.


Kaspar si helsing var annleis. Eg ville gjerne, men greidde aldri heilt fylgje den. Ikkje til punkt og prikke. Den lydde slik:


«Du skal opne for fullt, og etter det er det berre å auke på». Opninga var lett å fylgje opp, det som kom etterpå langt verre.

   

Det var god stemning der Kaspar ferdast i VIL-miljøet. Han kunne vere slagferdig i replikken. Svein Arne Nakken har skildra dette godt i sitt idrettsminne (som er å finne annan stad på VIL-Nett):


Under eit skirenn på Emblem kom ein av dei arrangementsansvarlege frå Emblem IL og spurde etter Leiv Drotninghaug. Mannen han spurde var Kaspar Fet, som svara slik:


«Nei, ej heite ikkje det, men viss du ser ei skinnhue som røykje pipe, då he du trøffe rette vedkomande.

   

I 2001 vart Kaspar Fet æresmedlem i Velledalen IL. Hovudsakleg for lang administrativ teneste. Same heider vart Magnar Fet, Karl B. Lade og Fridtjof Drabløs til del på same dag. Fire verdige vinnarar.

   

Så lenge helsa heldt var Kaspar ein del av miljøet, og alltid på plass under lokale langrenn. Eksempelvis Fjellsæterrunden. Han fekk oppleve at Kenneth og Sondre, som han var bestefar til, begge vart KM-vinnarar i langrenn, på same måten som sonen Pål Rune vart det tre gonger. Barnebarn av Kaspar og Ida har utmerka seg i fleire andre idrettar, som symjing, fotball, friidrett og hestesport. Andre har hatt musikken som sin arena og gjort det godt der. Med god grunn var Kaspar ein stolt bestefar og vel nøgd med livet, så lenge helsa heldt. Store ord og sjølvskryt var ikkje hans stil. Stillferdig la han ned ferdastaven 29. januar 2013, 85 år gamal.

   

På vegne av idrettsvener i Velledalen IL ynskjer vi fred over Kaspar Fet sitt gode minne!

   

Atle Hole