Skjaldvor Karlsen til minne
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Jan 2013
Skjaldvor Margrete Karlsen har ikkje sprunge halvmaraton eller jakta trimpoeng
på fjelltoppar. Ho har heller ikkje gått skirenn eller hatt styreverv i Velledalen IL, det vi veit. Likevel har ho vore ei viktig brikke i Velledalen IL sitt totale engasjement.
Førjulsmessa i Velledalen grendahus har 20 års fartstid. Og det er her Skjaldvor kjem inn i biletet. Ikkje som utstillar. Det har ho nemleg aldri vore. Men som fagarbeidar innan handarbeid, nærare bestemt brodering.
Kvart år er det i samband med messa loddsal. Basarbøker vert frakta rundt, med ein brodert juleduk som gjævaste vinst. Fagmessig, perfekt brodert av Skjaldvor Karlsen, dei fleste åra messa har eksistert.
Og det var aldri «siste liten arbeid» som kom frå Skjaldvor sine hender. Tvert om, juleduken hennar var alltid fyrste «brikka» som kom på plass. Som regel ferdig ved påsketider, lenge før komitéen starta førebuinga til messehelga i november.
Personar som Skjaldvor byrjar etter kvart bli sjeldan vare. For betaling…? Nei, det skulle ho då ikkje ha. Dette gjorde ho med glede, og det var berre å kome med nytt tilfang så snart messa var over.
Slik hadde vi altså ein viktig person i mange år, som aldri stod på noka liste over tillitsvalde, men som av eigen fri vilje gav av seg sjølv til beste for andre.
Vi lyser fred over Skjaldvor sitt gode minne!
Atle Hole