-Hjertelig takk! Skal sjekke rundt 30.april.

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Jan 2013

I 1962 hadde vi ein verdsmeister i kombinert i Velledalen, då Arne Larsen vann hopprennet i Brunstadbakken. I 2011 la ein kar ved namn Mikko Kokslien, landslagsløpar i kombinert, igjen «spor» på Vellesæterhytta.

   

Desse spora gjorde vi oss nytte av. Mikko vart i 2012 invitert til Velledalen som premieutdelar under Minikonrad. Det ville i så fall vore 50 år etter Arne Larsen, men den gongen passa det ikkje. Men velledalsfjella hadde han ikkje gløymt, så han kom gjerne ein annan gong, skreiv han.

   

No er Mikko invitert til årets Konradløp som premieutdelar under Minikonrad 2013, og det er til den invitasjonen han svarer: «Skal sjekke rundt 30. april». Før den tid er det verdsmeisterskap i kombinert for Mikko, som har norsk far og finsk mor, og bur i OL-byen Lillehammer – når han ikkje er på reise.

   

Dei som fylgjer med i kombinertsporten har kanskje registrert at Mikko har tre pallplassar hittil i sesongen. Èin gong på kvart trinn. Mikko hoppar solid, men er klart sterkast i løypa, der han plar plukke løpar etter løpar.

  Treff han i hoppbakken kan det bli ein verdsmeister som kjem på vitjing i slutten av april – om han får det til å passe inn i opplegget.