Gratulerer Kjellaug – 85 år 18. januar !

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Jan 2013

Hol-Kjellaug «står seg godt», som det heiter. Det kan vi alle vere samde om. Grunnen til at ho står seg godt er relativt innlysande for vi som kjenner ho. Ho pleier nemleg den fysiske forma på beste måte, anten med sykkel- eller turar til fots.

   

Kjellaug er mellom dei trufaste ved trimgruppa sin post ved sætreelva i Holemarka. Seinast 16. januar 2013 hadde tre generasjonar frå familien notert seg i boka. Og ho trør lett til Jokerbutikken for naudsynte innkjøp, eller ned i Tregardane for å vitje dottera, Hanne.

   

Elles er ho ein racer innan handarbeid, med brodering som spesialfelt. Siste åra er det Kjellaug Ulset som har brodert duken til VRF og Velledalen IL, som har gått på loddbok under Førjulsmessa.

   

At Kjellaug både er morgonfugl og ein skikkeleg tøffing, kan du finne på VIL-Nett. Går du inn på statistikken for Konradløpet, søkjer på namnet Kjellaug Ulset, så får du dette resultatet:


Delteke 11 gonger. Det vil seie full pott så langt for 85-åringen – tvillaust noko og tenkje på for dei som kurar under dyna og snur ryggen til når svigersonen til Kjellaug, Brua-Bjørn, fyrer av startsskotet klokka 05.00 - om morgonen den 1.mai.

  Då er Kjellaug på plass – så lenge helsa held! Slike jenter det vil gamle Norge ha!

   

   

Atle Hole