Medlemskontingent for 2013
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Jan 2013
Får ein ikkje giro i postkassa kan ein nytte kontonummeret ein finn på toppen av nettsida. Satsane er uendra. 400,- for familie, 200,- for vaksen og 100,- born. Støttemedlem blir ein om ein betalar inn mindre enn den ordinære kontingenten, til dømes dersom ein vaksen betalar 150 kroner.
Elles håper vi mange vil fylgje oppfordringa Anita Kjersheim hadde i gjesteboka nyleg.
Aktiviteten har vore høg i 2012. Men aldri før har så mange som nettopp i 2012 lurt seg unna kontingenten. Dette gjeld både idrettskule, badminton, herretrim og ulike styre og stell. I 2013 vil ikkje dette verte mogleg.
Her er Anita Kjersheim sine visdomsord:
-Det er kjempe flott at folk trimmar og held seg i god form. Velledalen Idrettslag er eit idrettslag som har jobba i årrekkje med ulike trivsel og trimtiltak både i dalen og i nærområdet.
Det vert gjennom året langt ned ein stor innsats av mange eldsjeler for å oppretthalde dei ulike aktivitetane til laget. Dei som trimmar på postane vert premierte, for sin flotte innsats gjennom året. Eg synes derfor at alle som aktivt deltek på dei ulike trimpostane kan gi litt til bake til VIL og melde seg inn som medlem i laget frå 2013.