Ein annleis mosjonist

Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Jan 2013

Somme held seg til ski, andre går til fots (gjerne til trimpostar), atter andre syklar eller rir.


Svein Ole Sørensen frå Brunstad Øvre, gjer noko heilt anna.

   

Han er fotballdommar. I fylgje Sunnmøre Fotballkrins sine lister ein aktiv dommar. I 2012 står unge herr Sørensen bokført med 43 kampar – seriekampar vel å merkje. Anten som dommar, assistentdommar (linjemann heitte det før) eller som «dommarveileder» som det heiter på fint. Ved sistnemnde oppdrag er rolla til Svein Ole rettleiing av heller ferske dommarar, slik at dei ikkje misser livsgnisten i møte med illsinte trenarar eller overivrige foreldre.

   

I tillegg vert det nokre treningskampar og litt lett trening for å vere skikka til oppgåva.


Det fysiske er ein ting, men det fotballfaglege må óg vere på plass. Det kan gjerast gjennom dommarkurs i regi av fotballkrinsen.

   

Del gjerne måten
   akkurat du trimmar på, med lesarane av VIL-Nett. Skriv kortfatta til:


atlehole@online.no