13.januar 2013: Dagens jubilant
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Jan 2013
13. januar 1958 vart Asbjørg og Karl B. Lade foreldre for fyrste gong. Sonen dei fekk denne datoen fekk namnet Bjørn Asle. Ein kar som skulle kome til å markere seg. Mest som langrennsløpar, men også særs habil i terrengløp og baneløp. I sistnemnde grein var han særleg kvass på 600 meter, som var ein vanleg distanse då, mindre vanleg no.
Bjørn vann langrenns-KM for dei som var fødde i 1958, kvart einaste år frå han var åtte til og med 15 år. Den gongen delte dei ut KM-titlar til åtte-, ni-, og tiåringar, noko dei ikkje gjer i dag. Bjørn tok sin fyrste tittel på heimebane, med start og mål like utanfor stovedøra til Helge Lødøen. Dette var det i glanstida til VIL, om nokon skulle vere i tvil. I tillegg har han to stafett-KM i langrenn og sterke plasseringar frå det som før heitte Områdemeisterskap og frå Hovudlandsrennet (uoffisielt NM).
Bjørn har alltid vore ein likandes kar. I barndommen gjekk han på orreleik oppe på Lia, før skuletid, han åt rå trastaegg og han tok alle trinna i Brøvoll Tjuvfiskarlag sitt oppslagsverk om sjølvberging innan fiskeri. Lenge før han var konfirmert. I spann med Knut-Ole viste han i ung alder gode anlegg for pyromani på graslagt mark. Brua-hynen har elles brei røynsle innan kalkundrift, faktisk var han pioner i denne bransjen. At han kan handtere alle typer slakt, hjort inkludert, er vide kjent for dei fleste.
55 år, Bjørn – ingen alder for ein veidemann. I vår gode barndom var det alltid fødselsdagselskap nede i Brua den 13. januar – så sant det ikkje var sundag og skirenn. Då fekk det vente til eit meir høveleg tidspunkt. Barndomsminne vert ikkje gløymt.
GRATULERER !
Atle Hole