Nytt år – nye mål

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Jan 2013

Under dei årlege «Miniidrettsgalla-arrangementa» prisar Velledalen IL personar som har blitt lagt merke til. Det kan vere over lang tid, eller det kan vere ein meir stuntprega prestasjon. Mange av dei aktive i laget vårt har klare mål for det komande året. Mål som gjerne få personar veit om. Mål som krev trening, konsentrasjon, god helse og ofte mot til å utfordre sin eigen kropp og alder. Her kjem nokre eksempel på akkurat dette.

   
 Svein Arne Nakken (47), langrennsløpar:
   

I mars månad 2013 skal Svein Arne Nakken gå for sitt 15. merke i Birkebeinerrennet. 54 kilometer frå Rena til Lillehammer med lett pakning. Ikkje kvar gong har merkekravet lukkast, men Svein er no så rutinert og veltrena at berre uhell - eller særs vanskeleg vêr - kan hindre han. Bak ein slik prestasjon ligg eit utal timar trening, ein uthaldande vilje og ein forståelsesfull familie. Vi kjenner oss sikre på at Svein kan hente premien for å ha gått 15 gonger under merkekravet birkebeinerlaurdagen i mars 2013.

  

   
 Olaf Einar Øien (70 år i 2013), langdistanseløpar.
   

Olaf Einar Øien kom til Velledalen IL det året Sykkylven IL stengde friidretten ute frå Sykkylven stadion. Og har sidan det vore ein positiv tilvekst. I juni skal Olaf opp til eksamen. Arena er strekninga Geiranger sentrum – toppen av Dalsnibba. Vi snakkar om Nibbeløpet. 21 kilometer med stigning på 1500 høgdemeter. Komande sommar går løpet for 20. gong. Olaf er ein av svært få som har delteke kvar gong. Vi snakkar med andre ord om start nummer 20 av 20 moglege. Modig og sprekt av ein mann som fyller 70 år i 2013.

   
    






 Paul Hole (84 år i 2013), mosjonsidrettsutøvar.

Vi gir Paul tittelen mosjonsidrettsutøvar, vel vitande om at han i yngre år både var langrennsløpar, friidrettsutøvar og fotballspelar. Vi nemner óg at han i meir moden alder har full pott som deltakar i Konradløpet, han har over 30 startar i trimklassa i Fjellsæterrunden og han tek idrettsmerke kvart år. Greier Paul Hole idrettsmerkekrava i 2013, er det 50. gong mannen som vart KM- vinnar på 1500 for junior i 1949, greier dette. Paul Hole var - i fylgje dei kjeldene Velledalen IL sit på - laget sin fyrste KM-vinnar nokon sinne, og han kan bli den fyrste som greier idrettsmerkekrava i 50 ulike kalenderår. Her ligg det an til kake!

   

Dette er tre døme på utøvarar som heilt klart kan lukkast. Og det finst andre, både med større og mindre mål. Somme veit vi kanskje ikkje om ein gong.

  VIL-Nett har akkurat passert 100 000 treff. Vi er enno unge inn i dei neste 100 000. Del gjerne draumane dine – unge eller gamle - med lesarane våre, så kan vi vandre saman mot måla.

   

Atle Hole