Peder Brunstad til minne

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Jan 2013

Tannlegelaget med Peder Brunstad som målmann.

Vi saksar frå Velledalen IL si møtebok:


«Fotballsesongen 1950 var den beste i laget si historie. Og dessutan var det eit merkjeår då laget i år fekk taka i bruk si eiga bane. Interessa hev auka og frammøtet på treningane hev vore jamt over bra. Det me først og fremst vantar er ein habil trenar. I år hadde me Sverre Myklebust frå Rollon ei vekes tid. Det var sjølvsagt altfor kort tid til at ein kunne vente synlege resultat».

   

I fylgje møteboka hadde Velledalen IL ein svak vårsesong dette året. Sitat:


«I serien tapte me begge vårkampane mot Spjelkavik (1-3) og Aksla (0-6). Dette vitnar om dårleg vårform og bør takast ad notam. Vårkampane er like viktige som haustkampane. Derfor må ein leggje meir vekt på treninga frå sesongstarten».

   

Men det gjekk betre etter kvart denne sesongen. I opningsturneringa i pinsa i 1950 vann Velledalen IL heile 10-2 mot Valderøy og 5-0 mot IL Ringen i finalen. Seriekampane var to om våren og tre om hausten. Men laget spela i alt åtte treningskampar utanom opningsturneringa av grusbana på Dalemyra. I tillegg deltok laget i jubileumsturneringa til IL Ringen etter sesongslutt. Her var det jamne kampar med desse resultata:


Ringen-Sykkylven 3-2


Velledalen-Sykkylven 2-0


Ringen – Velledalen 2-2

   

Møteboka viser elles at Peder Brunstad ikkje var mellom stengene dei to vårkampane som gav tap. Men hausten var han på plass, med desse resultata:


6. august: Velledalen IL- Langevåg 2-1


13. august: Stranda – Velledalen IL 0-4


19. august: Velledalen IL – Sykkylven IL 7-1

   

Laget mot Langevåg: Peder Brunstad, Per Hole Drabløs, Alf Brunstad, Paul Hole, Magnar Fet, Kjell Brunstad, Karl Lade, Olav Fet, Ole Fausa, Jon C. Brunstad, Oddmund Skylstad.

   

På vegne av Velledalen IL og nolevande fotballvener i bygda lyser vi fred over Peder Brunstad sitt minne.