MINIIDRETTSGALLA – Årets Overrasking

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Jan 2013

Årets Miniidrettsgalla hadde ein pris som heitte «Årets Overrasking 2012». Denne prisen kunne romme så mangt, men prisen gjekk denne gongen til ei ungidrettsjente. Ei jente som fyrst og fremst markerte seg under Minikonrad og Konradløpet.

   

Velledalen IL hadde sett opp eigne premiar til beste gut og beste jente frå Sykkylven Ungdomsskule under Minikonrad. I håp om auka deltaking. Men svært få undomsskuleelevar såg seg syn med å springe 1050 meter på Brunstad den 30. april 2012. Men éi lokal jente viste seg fram. Solveig Beate Brunstad sprang inn til den flotte tida 4.13. Berre eit fåtal gutar sprang betre.

   

Mindre enn tolv timar seinare imponerte ho med tida 20.19 under hovudløpet. Dette var meir enn nok til prisen «Årets Overrasking», til ein jente fleirtalet i nærmiljøet ikkje eingong visste var aktiv.


Flott prestasjon Solveig, og gratulerer med fortent pris!