MINIIDRETTSGALLA – «TIMINGPRISEN»
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Jan 2013
Hadde vi spurt Eldar Kurseth før Birkebeinerløpet om skilnaden på ei sluttid på 1.44.04 og 1.44.06 hadde han truleg svart:
-
Det blir mest det same.
No ville lagnaden at merkekravet i klasse 40-44 år vart 1.44.05. Med ei sluttid på 1.44.04, løyvde Eldar eitt sekund på merkekravet. Somme vil kalle dette flaks, andre GOD «TIMING».
Og det er slike dagar det skil berre to sekund mellom kjensla av suksess og det motsette etter ei konkurransetid på over 104 minutt.
Vi nemner at Eldar også greidde merkekravet på sykkel. Her vart han nummer 69 av 2492. Birkebeinerrennet gjekk han på 3.41.35. Fem minutt for sein til å kunne titulere seg som SUPERBIRKEBEINER i 2012, men likevel det næraste nokon utøvar frå VIL nokon gong har vore.
*Superbirkebeiner = tittel på personar som greier merkeravet i Birkebeinerrennet, Birkebeinerrittet og Birkebeinerløpet i same kalenderår.