«Årets sportsslankar 2012»

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Jan 2013

Tre kriterier måtte oppfyllast skulle ein vere aktuell for denne prisen:

   1.
   
 Ein måtte vere medlem av Velledalen IL.

   2.
   
 Ein måtte drive ei eller anna form for sportsleg aktivitet.

   3.
   
 Ein måtte ha slanka seg i det aktuelle kalenderåret.

   

Jo André Tandstad har lang karriere som bordtennisspelar bak seg. I seinare år har han fatta interesse for springing. Fram mot Konradløpet har han pint seg ned i vekt. 16.30 i 2011 og 16.33 i 2012 er sterke tider, og vitnar om eit suksessfullt opplegg. Når Jo fyrst har vore lett og fin i kroppen har han teke ein del motbakkeløp i same slengen. I 2012-sesongen kom han på beste halvdel av resultatlista både under Blåfelden Opp (Syvde), Varden Opp (Langevåg) og Skåla Opp (Stryn).

  Utover hausten plar Jo ofte sleppe seg litt ned i form og opp i vekt. Men etter nyttår, då startar kroppen hans førebuinga til neste Konradløp. Han – og alle vi andre – veit at sjølv eit lett spekklag må bort om 16-talet skal kome på blokka når han sprintar under målseglet på Brunstad 1.mai – helst før klokka 05.17.