Gjevaste prisane til Nils Skylstad og Svein Nakken

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Jan 2013

Svein Arne Nakken vann «Folket sin idrettspris», stemt fram av alle som kjende seg kalla til å røyste. I alt kom det inn 54 røyster, spreidd på åtte ulike kandidatar. Svein Arne Nakken hadde fire stemmer meir enn Christina Holmberg, jenta som markerte seg med eit «trimpost-stunt»3. og 4. oktober sist år. Då starta ho frå heimen i Tregardane og tok alle trimgruppa sine tolv postar i løpet av 27 timar og 21 minutt. Frå Riksheimdalen i eine enden til Myrdalsfjellet i den andre.

  Svein Nakken hadde ein god skisesong med sitt 14. merke i Birken (3.07.10) og ny VIL-rekord i Vasaloppet med 692. plass av 15 000 med tida 4.38.40 som sine sterkaste prestasjonar i ein særs aktiv sesong. Han vart òg klassevinnar i Fjellsæterrunden, der VIL sitt tremannslag vart nummer to samanlagt.

   

Prisen «Årets Utøvar 2012» gjekk til motbakkeløparen Nils Terje Skylstad. Han var som vanleg sterk i Konradløpet, han vann klassa (55-59 år) i Eggjenipa Opp i Breim, han vart nummer tre i Saudehornet Opp i Ørsta og nummer fem i Fanaråken.

  Nils vart kåra av ein jury med Pål Rune Fet, Kenneth Fet og Bente Brunstad som medlemar. I tillegg til det sportslege, meiner juryen at det ikkje talar i Nils sin disfavør at han har eit langt, plettfritt rulleblad som trimgruppeleiar. Med ein kolossal innsats over eit langt tidsperspektiv til beste for folkehelsa gjennom gruppa sine trimpostar.


To verdige vinnarar.