VRF og Velledalen IL lokale grasrotvinnarar
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Des 2012
VRF sitt J13 lag under Seljecup 2012
Desidert flest nye grasrotspelarar i bygda siste året har Ikornnes IL som har gått frå 111 til 129 i løpet av 2012. Sykkylven IL har auka frå 252 til 259, og har sverent flest spelarar i Sykkylven kommune. FK Sykkylven har ein nedgang på sju, mest i negativ lei.
Her er stoda for dei mest aktuelle laga med omsyn til framgang/tilbakegang i 2012:
6 UL Samhald (+6)
6 Sykkylven Sykkelklubb (+3)
10 Velledalskoret (-)
22 Velledalen Skulekorps (+2)
27 Sykkylven Janitsjar (+2)
28 Sykkylven Golfklubb (+1)
38 Straumshorn Juniorkorps (-3)
40 Sykkylven Rideklubb (+3)
50 VRF (+5)
55 Sykkylven Skyttarlag (+2)
77 Hundeidvik IL (+3)
81 Velledalen IL (+5)
93 Sykkylven Motocrossklubb (+1)
129 Ikornnes IL (+18)
141 FK Sykkylven (-7)
259 Sykkylven IL (+7)
Velledalen IL har totalt fem i tilgang siste året. To av desse i desember. Éin like før jul som gjorde at vi passerte 80, og éin ny mellom jul og nyttår som gjer at rekordtalet lyder på 81.
UL Samhald har totalt seks og seks i tilgang. Årsaka er at 2012 var deira fyrste år i ordninga, her er ein ytterlegare vekst ventande. Oppstarten til UL Samhald er truleg den direkte årsaka til Straumshorn Juniorkorps sin tilbakegang. Eit stykke på veg – vil naturleg nok – desse laga kjempe om same spelarane.