Brunstadekspressen avslutta året sterkt
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Des 2012
Arkivfoto
Brunstadekspressen (Sverre Gunnar Brunstad) er heime på juleferie, og nytta høvet til å svi av nokre kaloriar under Nyttårsmaraton i Ålesund 5. juledag. 1.20.20 brukte han på distansen, i eit løp som gjekk på flekkvis glatt vegbane og frisk vind.
I alt deltok 58 deltakarar, av desse sprang 17 full maraton. André Hammerø Løseth, Kristiansand IF, var best på lengste distansen med
sterke 2.37.20. Han var åleine under tre timar. Nærast Sverre Gunnar i halvmaraton kom Rasmus Haugen, Hornindal, med 1.27.53. Med andre ord over sju og eit halvt minutt bak.
Men det er nettopp då vi ikkje må gløyme at Brunstadekspressen er mellom dei beste i landet i eiga årsklasse.
PS. I fjor fekk Alf Petter Bøe pris under idrettsgallaen som beste innflyttar, i år får Sverre Gunnar Brunstad pris som beste utflyttar (som framleis set pris på heimbygda).