Startnummersponsor til Konradløpet 2013 klar.
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Des 2012
Ein høgthengande logo. For kva er vel betre enn og få sjølvaste Konradnamnet på brystkassa..? For få dagar sidan vart det nemleg klart at Konrads Kafé i Ålesund vert startnummersponsor i hovudløpet. Denne held til i Røysegata 10 i Ålesund, med Arador Boatwreight som dagleg leiar.
-
Ein svært høveleg sponsor som vi er glade for å ha hanka inn. Vi håper at samarbeidet med Konrads Kafé kan bli av langvarig art og til nytte for begge partar, seier Ellen Marie Hole i friidrettsgruppa til VIL-Nett.
Om nokon vil sjå innom Konrads Kafe, som også driv catering i tillegg til vanleg kafédrift, så ligg den i same bygget som Sunnmørsposten – på gateplan i Røysegata 10.