Jon Hole til minne
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Des 2012
Jon Hole har ikkje i fyrste rekkje hatt idretten som arena. Når vi likevel vil heidre minne hans på VIL-Nett, er det fordi han har vore ein markant person på fleire andre viktige felt i lokalmiljøet.
Mange har hatt Jon som lærar, med lang fartstid mellom anna frå Sykkylven Ungdomsskule. Han har skrive fleire bøker, vore oppteken av lokalhistorie og vore mannen bak Sykkylvsbladet sine kryssord, både små og store med ulik vanskegrad.
Og Jon har vore fotograf. Åge Lade har lånt VIL-Nett eit foto som Jon Hole har teke. Frå glade barneår ved Brøvoll Skule tidleg på 60-talet. På ein dag der det vart arrangert skirenn, mellom anna med hopprenn i Holbakken, minnest Åge.
Her er namna: Jentene frå v.: Kjellbjørg Myhre, Ingunn Hole, Kirsten Liaskar, Leikny Liaskar
Bakre guterekkje frå v: Kjetil Hole (?), Otto Brunstad, Svein Hjorthol, Arne Bang, Arnold Bolstad, Helge Strøm og Magne Lade.
Framme frå v.: Kjell Berg Hansen, Helge Ramstad, Åge Lade, Arnfinn Brunstad, Jarle Lade, Håvard Hole og Karl Johan Brudevoll.
Vi lyser fred over Jon Hole sitt minne.