Velledalen naturbarnehage
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Des 2012
Kvar dag gjennomfører ungane i barnehagen eit spanande og variert aktivitetsprogram til musikk i gymsalen, kalla "minirøris". Truleg ei fin oppvarming til den komande nissemarsjen. Aktivitetsnivået var høgt i 30 min, og då ungane var ferdig med øvingane kunne alle legge seg på golvet for å slappe godt av. Alle borna deltok og såg ut til å kose seg. Også dei spreke barnehagetantene deltok.