Ti på topp 2012: Vi presenterer nr 8 på lista
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Des 2012
Dette byrjar sjå skummelt ut. Vi har tidlegare presentert Astrid L. Drabløs som nummer ti, og Odd-Kåre Fet som nummer ni. Og sanneleg går ikkje også 8.plassen til Fet. Nærare bestemt til kona til mannen på 9.plass.
Det betyr at vi i dag kan gratulere Grethe Fet med ein flott 8. plass på samanlagtlista. Fram to plassar frå i fjor då ho vart nummer ti. 1240 poeng i 2011 har auka til 1342 i 2012. Med andre ord sprekare til eldre ein blir. Susande flott!!
I fylgje statistikken til trimgruppa har Grethe gjort desse turane. 328 turar til Skogsvegen Fet, 4 turar til Brunstadsætra og 2 turar til Vellesætra. Som ein ser er det særs jamt mellom dei tre som er presentert til no, då det berre skil 42 poeng mellom 8. og 10. plassen.
8. Grethe Fet 1342 poeng
9. Odd-Kåre Fet 1306 poeng
10. Astrid L Drabløs 1300 poeng
Vi gjer merksam på at Odd-Kåre Fet og Astrid L. Drabløs ikkje var inne på lista i 2011
PS: Vi er takksame om feil vert meldt trimgruppa (Nils Terje Skylstad).