FØRJULSMESSA 2012: TALA PÅ DET NÆRASTE KLARE
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Nov 2012
Det som står klart er at brutto inntekt vart 103 000 kroner. Største inntektspostane er tombola, matsal og standleige. Elles kjem det inn pengar på loddsal på basarbøker og sal av peparkaker. Det er berre eit tidsspørsmål før årets kasserar, Monica Hunnes, kan gjere opp endeleg status. Vi nemner at dei største utgiftspostane er varekjøp på Joker Velledalen (over 15 000), husleige grendahuset og annonsering. Det er venta eit nettoresultat fullt på høgde med det beste frå tidlegare år.
Arrangørlaga har søkt om 16. og 17. november som messedatoar for 2013. I så fall vert det den vanlege helga - tredje helga i november. Hittil har ikkje grendahuset svara på datoynskjet.