40 dagar att av 2012

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Nov 2012

Vi snakkar om grasrotkroner. Ordninga der spelaren får gi 5 prosent av innsatsen
   til eit valfritt godt føremål.

   

Velledalen IL kom med i ordninga i 2009. Årsaka til at lag kom med til ulike tidspunkt, var at ein måtte ordne med innpass i ulike register i Brønnøysund. Fyrst når dette var gjort, kunne ein bli grasrotmottakar.

   

Velledalen IL var ikkje med heilt frå starten av 2009, difor er dette året det desidert svakaste. Dei to neste svært jamne, medan 2012 vil gi eit godt byks i rett retning


Her er årsstatus over kroner inn i Velledalen IL sitt bol:


2009: 15 736 kroner


2010: 23 758


2011: 23 656


2012: 23 895 pr. 21. november

   

Med 40 dagar att av året, vert det ei soleklar ny bestenotering. Det er venta at sluttsummen i 2012 vil bli høgt på 26 000-talet, eller kanskje også over 27 000. Det har vist seg kvart år, at
   ekstra mange prøver lukka siste tida før jul – om dei lukkast veit vi lite om. Men sikrast av alt; den som ikkje spelar treng ikkje vente på vinsten.

   

Velledalen IL har i skrivande stund 79 grasrotspelarar. Nummer 80 er truleg i kjømda.