Mindre enn ein månad til Nissemarsjen
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Nov 2012
18. desember vert det arrangert Nissemarsj i barnehagen, i eit samarbeid mellom barnehagen og idrettslaget. Vi skal ikkje røpe for mykje av innhaldet enno, men sikkert er det at alle dei små som deltek vil få ein flott Nissemedalje.
Denne marsjen er på ingen måte meint som ein konkurrent til Romjulsmarsjen, som trimgruppa i VIL arrangerer 26. desember (2.juledag), men snarare som ei lita oppvarming – og påminning - til denne.
Vi kjem tilbake med meir stoff kring Nissemarsjen når tida nærmar seg.