Mannfolka går ikkje til Brunstadsætra

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Nov 2012

Brunstadsætra er eit relativt makeleg turmål. Fire poeng er turen prisa til etter trimgruppa sin skala. Denne sætra ligg alltid høgt på lista mellom gruppa sine beste turmål, og sætra er òg arena for trimgruppa sin årvisse grillkveld i juli månad.

   

Den som vil vinne denne posten kan ikkje kvile seg til det. Siste åra har Inger Anne Brunstad hatt bra kontroll. Slik også dette året, der ho stoppa på 186 turar – om lag anna kvar dag i snitt, rekna året rundt.

   

Brunstadsætra er einaste posten utan mannfolk inne på topp-5. Årsaka til at det er slik kjenner vi ikkje. 60 turar var grensa for å greie topp-5 denne gongen.


Her er resultata frå Brunstadsætra sesongen 2011/2012:


186 turar: Inger Anne Brunstad


132 turar: Arnhild Linga


102 turar: Torhild Skogvold

  74 turar; Marianne Urke

  60 turar: Liv Skogvold

   

Postrangering trimsesongen 2011/2012:


2. Brunstadsætra – 2274 noteringar


3. Dammen Riksheimdalen – 1744 noteringar


4. Skogsvegen Fet – 1487


5. Sætreelva Holemarka – 1387


6. Vellesætra – 1113


7. Skogsvegen Hjorthol – 705


8. Myrdalsfjellet – 355


9. Koppen – 323


10. Regndalen – 290


11. Høgsætra Fet – 122


12. Holetindane – 100


Ikkje bok denne sesongen: Skogsvegen Drabløs