Kjell Hellevik til minne

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Nov 2012

Fekk meir enn dei betalte for.
   Eg var av dei heldige som fekk spele på lag med Kjell Hellevik. Dette var i min pure ungdom, åra var 1973 og 1974. Men det er frå åra før eg minnest han best. Då spela eg på VRF sitt gutelag, og var fast tilskodar når førebileta, A-laget, spela kamp. Og i ettertid kan vi slå fast at heimepublikum ofte fekk meir enn dei betalte for i sesongane 1970, 1971 og 1972.
   

   

   Leikne livsnytarar
  . Desse åra var VRF eit drivande godt kollektiv. Alltid med gode målmenn, iltre sluggarar som hata å tape i forsvar, trottige arbeidsmaurar på midtbana og leikne angriparar. Var alt som det skulle, fann vi Kjell med nummer 11 på ryggen, i utgangspunktet på venstre kant. På motsett side med nummer sju på ryggen, Svein Welle. Begge to leikne livsnytarar.
   

   

   Ingen garanti.
   Ein kunne liksom ikkje på førehand garantere at Kjell og Svein hadde dagen – slik ein i større grad kunne stole på Bård og Einar. Men slo dei to kantane til samstundes, då var det gildt og vere tilskodar anten ein heitte Lars Erstad, Johan Grebstad eller Atle Hole. Og tidleg på 70-talet hadde dei to ofte dagen – til og med på same tid.
   

   

   Frykta i augo.
   Slik var det den dagen VRF møtte seriefavoritten frå Kristiansund, Clausenengen, i 1971. Ein kunne lese frykta i augo til nordmøringane sin høgreback når Kjell fossa mot han med ballen i føtene. Kjell var god å føre ball i raskt tempo, utan og misse ballkontroll. Ein mot ein var han stort sett ein sikker vinnar – om han hadde fått trena litt i vekene på førehand.
   

   

   To mål av Kjell.
   Det hadde han før møtet med Clausenengen i fjerde siste serierunde i 1971. VRF hadde vunne 2-1 i Kristiansund våren. No var nordmøringane, men tidlegare landslagsspelar og storscorar Ole Stavrum på laget, sugne på revansje. Men VRF let seg ikkje pille på nasa. På ei såpeglatt Dalemyra stoppa det på 6-1 etter 4-0 ved halvtid. To mål av Kjell, tre av Svein.
   

   

   Målsugen.
   Kjell var både målscorar og tilrettelegg
   

jar. Tek med eit sitat frå Sunnmørsposten frå kampen mot Harøy (6-3) i 1974 som dokumenterer dette:

   -
   
 Det byrja så fint for heimelaget. Før Harøy hadde fått tid til og gjere seg kjende, på det for dei nye grasteppet, var Bjarne Alnes frampå og gjorde 1-0 etter elegant forarbeid av Kjell Hellevik. Ikkje lenge etter takka Alnes for hjelpa, ved å slå ballen fint til Hellevik som kvitterte med 2-0. Hellevik var målsugen, stort sett som vanleg, og la like godt på til 3-0………

   -
   

   

   Hadde potensial.
   Kjell studerte i Oslo. Difor vart han henta heim til mange av kampane. Og på grunn av at han var mykje borte, var ikkje treningsgrunnlaget alltid det beste. Etter eit par sugande raid på vingen var det ikkje uvanleg med ein liten kunstpause – der han anten krøkte seg saman eller kvilde hendene på knea. Kjell tok aldri ut heile potensialet sitt på fotballen i VRF. Hadde han gjort det, hadde han spela for eit anna lag. Så god var han.
   

   

På vegne av meg sjølv, mange andre fotballvener og fotballaget VRF:

 Takk Kjell, takk for varige minne – minne som for nokre av oss held livet ut!
   

   
    
 Atle Hole