OVER TUSEN NOTERINGAR PÅ VELLESÆTRA
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Nov 2012
Vellesætra kneip sjetteplassen mellom turmåla sist sesong. 1113 noteringar er ingen maktdemonstrasjon, men jamt bra. Det er kvinnene som regjerer på denne posten – berre Alf Petter Bøe sneik seg inn på topp-5. Elles vert det idrettsgalla og premiering på Torhild Skogvold som var tilbake på trona med fine 142 turar, som åleine gir 994 trimpoeng. Blinkar ei topp-10 plassering samanlagt i det fjerne, Torhild?
Kos deg med resultata, her er dei ivrigaste:
142 turar: Torhild Skogvold
126 turar: Arnhild Linga
46 turar: Liv Skogvold
41 turar: Marianne Urke
24 turar: Alf Petter Bøe
Postrangering etter besøk:
6. Vellesætra – 1113 noteringar
7. Skogsvegen Hjorthol – 705 noteringar
8. Myrdalsfjellet – 355 noteringar
9. Koppen – 323 noteringar
10. Regndalen – 290 noteringar
11. Høgsætra Fet – 122 noteringar
12. Holetindane – 100 noteringar
Skogsvegen Drabløs hadde ikkje bok i sesongen 2011/2012