Kampen stod om andreplassen på Myrdalsfjellet

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Nov 2012

Årets eldste trimpostvinnar finn vi på Myrdalsfjellet. Elling Hole har passert 70, men er sprekare enn nokon gong. 85 turar er ein flott prestasjon i seg sjølv, men Elling har gjort mykje anna godt arbeid utanom sjølve gåinga. Han har gjort iherdig dugnadsarbeid med å sikre posten mot vêr og vind, og det var Elling som leita opp at både bok og kasse då stormen tok heile kostebinderiet. Og boka låg ikkje akkurat nær posten heller. Men Elling fann den, og resultat frå posten kan dermed gjerast offentleg i full breidde. Særdeles bra jobba Elling!! Her er resultata for trimåret 2011/2012:


85 turar: Elling Hole


20 turar: Eldrid Myhre


18 turar: Ingrid Brudevoll


18 turar: Nils Terje Skylstad


13 turar: Kari Hjorthol


Innbyrdes rekkefylgje mellom postane


355 noteringar: Myrdalsfjellet


323 noteringar: Koppen


290 noteringar: Regndalen


122 noteringar: Høgsætra Fet


100 noteringar: Holetindane


Skogsvegen Drabløs hadde ikkje bok i sesongen 2011/ 2012