SVAK SESONG I REGNDALEN

Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Okt 2012



   
   
    
    Måtte nøye seg med 10.plass og 290 noteringar
      
    
   
    
    Folk har klaga på blaut rås og mindre triveleg enn før å gå til Regndalen. Det viser på besøket. 290 noteringar er i nærleiken av det Geir Helge Grebstad hadde åleine for eit par sesongar sidan. Vi mistenkjer Grebstad for å ha «kontrollert» feltet bak denne sesongen. 14 turar var nok til å bli best, lavast av samtlege postar i trimåret 2011/2012. Som det går fram av lista var det beinhard kamp om dei øvrige plassane på lista. Elles gratulerer vi William Hansen, som den yngste av samtlege som har kjempa seg inn på topp-5 listene denne sesongen. Vi ser han tapte duellen mot broren, Kris- Levi, hårfint. Her kan det vere duka for revansje i inneverande sesong…?
      
    
   
    
    Her er resultata frå Regndalen 2011/2012
      
    
    1.
     
      Geir Helge Grebstad 14 turar
      
    
    2. K
     ris-Levi Hansen og Kai Skylstad, begge 9
      
    
    3.
     
      William Hansen og Linda Kristin Øye, begge 8
      
    
   
    
   
    
    Stoda mellom dei ulike postane trimåret 2011/2012
      
    
    10. Regndalen 290 noteringar
      
    
    11.Høgsætra Fet 122
      
    
    12. Holetindane 100
      
    
    13. Drabløs Skogsveg – ikkje bok denne sesongen