Resultat frå Holetindane trimpost
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Okt 2012
Ikkje akkurat overraskande at Holetindane har færrast noteringar. Ein tur dit tek si tid, om ein ikkje er av dei sprekaste. Det er stabilt i toppen, med trimgruppeleiaren på topp. 1957-årgangen tek også andreplassen, ved gartnar Per-Gunnar Holmberg. Også honnør til Arnhild Linga som beste kvinne.
Her er topp-5 på Holetindane trimåret 2011/2012:
1.
Nils Terje Skylstad 19 turar
2.
Per-Gunnar Holmberg 6 turar
3.
Rune Nilsen 5 turar
4.
Arnhild Linga 4 turar
5.
Svein Linga 3 turar