Smånytt

Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Okt 2012

Jo Andre Tandstad ein potensiell deltakar, her med nr 24

Datoen for NM i motbakkeløp i 2013 er 29. juni. Arrangør er Gaular IL med Storehesten Opp. Løpet tel som eitt av løpa i NECON Motbakkecup 2013. Kondis melder at andre søkjarar til cupen må melde seg i desse dagar.

   

«Heiåna» har gitt opp. Rennet vart fyrste gong arrangert i 1980. Dagfinn Erstad i Engesetdal IL melder til VIL-Nett at rennet har vore avlyst tre gonger i alt. To på 1990-talet og i 2012. Mykje arbeid med løyper, svak deltaking og lite fornying i funksjonærstaben vert brukt som årsaksgrunn.

   

Dato for Fjellsæterrunden i 2013 vert 24.februar. Fjellsæterrunden er mest på same alder som «Heiåna». Den fyrste offisielle Fjellsæterrunden vart arrangert i 1979, etter eit halsbrekkande prøverenn i 1978.

   

Same helg som Fjellsæterrunden vert arrangert går ei gruppe frå indre fjordstrok Finlandia Hiihto i Lahti. Mellom desse er vår eigen Terje Aurdal. Dei andre løparane kjem frå klubbane Geiranger IL, Valldal IL og Stranda IL. Diverre er det difor å frykte svak deltaking under årets renn.

  Også fordi det har kome eit nytt seedingsrenn til Birken, som vert arrangert i Markane (Stryn) 16. februar, helga før Fjellsæterrunden. Skardilten i Molde som òg er seedingsrenn til Birken vert arrangert 9. februar. Med andre ord seedingsrenn to helgar på rappen rett før Fjellsæterrunden