50 års jubilant i Holevegen 37

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Okt 2012

På hjul med ein annan idrettsharhaus, Bård Erstad

Jubilanten har ei solid idrettskarriere bak seg. Mest aktiv på ski og springing, men òg i fotball der ho har vore innom 60 års jubilant VRF. Sjølv om ho storparten av tida som aktiv representerte Stranda IL, fekk ho med seg to KM-titlar for vårt lag. I 1976 vart ho KM-vinnar i langrenn, i 1982 KM-vinnar i terrengløp. Ho har fleire år bak seg som leiar i Velledalen IL, berre Bjørg Frøystad Hole var før henne som kvinneleg leiar.

  I perioden 1997-2001 representerte Torild Velledalen IL i Møre og Romsdal idrettskrins sitt styre. I 2003 vart ho leiar i Sykkylven Idrettsråd.

   

Torild har den høgthengande Konradmedaljen i gull og tiårspremien som deltakar i Konradløpet. Ho er jamnleg observert som deltakar i Fetvatnet Rundt, og er mellom få kvinner i dalen som har deltaking i Fjellsæterrunden dei siste ti åra.

   

Velledalen IL gratulerer jubilanten med dagen, og ynskjer henne eit framleis aktivt idrettsliv dei neste 50 !