Jasen fyller 60
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Okt 2012
Eldar nr 2 bak f.v.
Jau, det er Eldar Ove Tandstad, busett på Tandstad, men bortreist på dagen. Han er framleis lett på foten, men tilnamnet «Jasen» fekk han den tida han dansa rundt motspelarane på fotballbana og gjorde dei svimle – i litt yngre år, kan vi vel seie.
Eldar kom inn på fast plass på VRF som tenåring. Her tenestegjorde han til siste halvdel av 70-talet, då han flytta til Brattvåg. Etter spel i den gule Brattvåg-trøya, hadde han nokre sesongar stor suksess som spelande trenar for Fjørtoft. Og han har eit par KM-titlar for VRF sitt old boys lag på sine gamle dagar.
Ein uskadd «Jase» hadde truleg heller ikkje gjort seg bort som 60-åring om han fekk sjansen på FK Sykkylven sitt A-lag.
Hovudgrunnen til at Eldar Ove får omtale på VIL-nett jubileumsdagen ligg ikkje i fotball. Nei, Eldar er ein mann som gir ei hjelpande hand der det er trong om slike. Den tidlegare sauebonden er såleis mannen bak den kjende logoen til Konradløpet. Og han er mannen bak logoen til Det Store Folkerennet. To suksessrike logoar, skapt med får års mellomrom. Kva møye som ligg bak dei to verka er uvisst, men betalt tok han seg ikkje.
GRATULERER MED
DAGEN, ELDAR !
ATLE HOLE
PS! I same slengen finn vi det rett og nemne at det på 70- og 80-talet fanst to «Jasar» på Tandstad. Også Bent Tandstad vart i periodar kalla «Jasen» eller «Jase-Bent». Han sysla òg litt med fotball. Men vi såg på løpesettet at dei ikkje var av same kull.