FK SYKKYLVEN STÅR I SJAKK

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Okt 2012

Det som er heldig for FKS er at motstandaren, Langevåg, alt er fortapt. Den gamle heiderskrona storklubben på Sunnmøre er garantert nedrykk. Eit nedrykk som svir.

   

Alt tyder på at berre eitt sunnmørslag rykkjer ned frå 3.divisjon (Hareid). I tillegg rykkjer nordmørslaget Dahle ned, og mest truleg Surnadal som det tredje. Det betyr at to sunnmørslag skal ned frå 4. divisjon. Langevåg vert eitt av dei. Det andre vert anten FK Sykkylven, Blindheim eller MSIL

   

Det som er klart er at FKS rykkjer ned med tap. Uavgjort kan halde, men då må Blindheim tape mot Godøy. Med siger kan FKS også passere MSIL, men då må sistnemnde tape sin heimekamp mot Ørsta. Vinn Blindheim og MSIL spelar minst uavgjort, ryk alt håp for våre gutar. Målskilnaden kan bli sykkylvingane sitt trumfkort i siste runde, men klart er det at: FK Sykkylven vert nummer ni, ti eller elleve i 4.divisjon 2012.

   

Stoda i botnen av 4.divisjon er slik:


25 poeng MSIL
   - 10 minusmål


23 poeng Blindheim -38 minusmål


22 poeng FK Sykkylven -1 minusmål


18 poeng Langevåg – 18 minusmål

   

Avgjerande kampar fredag 12. oktober med kampstart 18.30


Blindheim-Godøy


MSIL-Ørsta


Langevåg-FK Sykkylven

   

Langevåg stadion har tidlegare vore ein avgjerande arena for sykkylvsfotballen i serieinnspurten. Berre spør Leiv Arne Alnes. I 1978 var han i høgste grad part i duellen, slik han på sett og vis også er det i 2012 gjennom sønene Bengt og Bendik.

   

Men skilnadane på 1978 og 2012 er mange. I 1978 vart det spela på blautt naturgras, komande fredag går duellen på «plastikk». I 1978 stod prøva om eit opprykk til nivå 3 i norsk fotball, i eit trekantdrama mellom Langevåg, Brattvåg og VRF. I 2012 står duellen om å unngå nedrykk til nivå 6 i norsk fotball for bygda med 7600 innbyggjarar sin del. Vi berre nemner det; Stordal med 1000 innbyggjarar er alt kvalifisert for spel på nivå 5 (4.div) i 2013. I 1978 var det mannfolk med skjeggvekst som spela i sykkylvsfotballen, i 2012 er det stort sett gutar med dun i ansiktet.

   

I 1978 enda det godt for VRF på Langevåg stadion – sjølv om våre menn, på same måte som FK Sykkylven, hadde det dårlegaste utgangspunktet før siste runde. VRF sigra 1-0, etter mål av Per Hole på direkte frispark i 2.omgang. Ikkje nokon ball som på finurleg vis vart «curla» i vinkelen frå 25 meter. Nei, det var ei brennheit kule rett over hovuda på folka i Langevåg-muren og i nettet før keeper Kjell Sandvik fekk sukk for seg. Leiv Alnes var stor i VRF- målet og sulalendingane sitt innkjøpte «jubelvatn» vart i ærbødig respekt flytta over i VRF-garderoba.

   

Dette var siste gongen eit lag på herresida i Sykkylven kommune kvalifiserte seg til nivå 3. norsk fotball. 34 år seinare er fokus for sykkylvsfotballen retta mot same stadion i serieavslutninga. Ikkje mot toppen av tabellen,
   men mot botnen. Mot og unngå nivå 6 og sjakk matt i jubileumsåret (FKS er 10 år, VRF 60 år i år i 2012).

   

Jobben komande fredag vert å vinne kampen. Meir kan faktisk ikkje gjerast slik stoda er no.


Men vi må alle sjå i augene at «felles skjebne er felles trøyst», like gjerne kan bli resultatet av kampen i Langevåg komande fredag.
   I så fall ei ramsalt jubileumsgåve for FKS, som av lokalavisa, Sykkylvsbladet, var tippa på øvre halvdel før sesongstart.

   

  Atle Hole