Lysløypetraséen ferdig planert

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Okt 2012

Det er Svein Arne Nakken i VIL-langrenn som melder til VIL-nett at lysløypetraséen er ferdig planert og grøfta. Dermed er det berre å vente på snøen, sporsetting og prøvegåing. Denne vinteren vert løypa eit dagtidtilbod til skiløparane, men vinteren 2014 skal lysa vere på plass.

 Alt tyder på at det vert ei gild løype.