Gratulerer Hødd!

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Sep 2012

Kampens store spelar, Pål Andrè Helland, her i aksjon for Hødd2 mot Stranda tidlegare i år. Helland er Hødd-spelaren nærast Ronnie Furset

Hødd er ikkje akkurat i VIL-Nett sitt dekningsområde, men når bygde-Sunnmøre får fram eit lag til cupfinalen i hovudstaden i slutten av november bør det nemnast. Og faktisk var sigeren fullt fortent på bakgrunn av det som gjekk føre seg i 2. omgang.

   

Vi tek med eit foto som viser kampens gigant, Pål André Helland. Det er henta frå Hødd 2 sin seriekamp på Stranda dette året. Helland er Høddspelaren nærast Ronnie Furset.

   

Men mest bekymra av alt er vi for helsetilstanden til Svein Arne Nakken. Han var nemleg på Høddvoll i dag. Om han meistra sigeren veit vi ikkje. Mest truleg er diagnosen i skrivande augneblink ein mellomting mellom koma og transe. Men han står han nok av – denne gongen òg.

   

Så er det dette med billett då. Men kunne dette ordnast i fjor til Frank Kjøde i kampen AaFK-Brann, må det vel vere ei von for Svein Arne når laget over alle andre, Hødd, møter Tromsø på same grasteppe.

   

Sundag 25. november er dagen. Sunnmøringane har langt frå tapt på førehand. Hugs at Tromsø er langt svakare borte enn heime (tapte mot Sogndal sist bortekamp i serien). I tillegg talar naturgras i Hødd sin favør. Men på eitt område er Tromsø uansett nokre hakk kvassare enn Brann – i defensiv struktur og organisering.

   

Ein kamp og sjå fram til!